Eit par innlegg i Klassekampen tyder på at det er behov for meir kunnskap om demografien til Krym. Fram til og med 1850 utgjorde tatarane 78–88 prosent av befolkninga, mens russarar og ukrainarar utgjorde maks 7 prosent. Tatarane er eit tyrkisktalande folkeslag som da, 67 år etter Russlands første okkupasjon og annektering, hadde dominert befolkninga i mange hundre år. Etter 1850 auka den russiske koloniseringa av Krym kraftig, og i 1939 var 50 prosent av innbyggarane russarar, 19 prosent tartarar og 14 prosent ukrainarar.