Det ligg no an til fleirtal for ei historisk utviding av retten til sjølvbestemt abort, frå veke 12 til veke 18 i svangerskapet.
Overlege ved Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus og ansvarleg for Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet (FHI) Mette Løkeland-Stai ber politikarane ta eit steg lengre, når dei vedtar den nye lova.
Ho meiner lova også må gi rom for abort etter veke 22, dersom graviditeten skuldast incest eller valdtekt. Då kan det opplevast som tortur for kvinna å gjennomføra svangerskapet, sjølv om fosteret er friskt, seier Løkeland-Stai.
Ho uttaler seg på eigne vegner, ikkje på vegner av arbeidsgivar.
– Staten har ei plikt til å sørga for at kvinna ikkje blir utsett for tortur, og dei bør ha eit tilbod om abort også etter veke 22, seier ho.
Lovproposisjonen drøftar retten til abort og forbodet mot tortur, som er nedfelt i Dei europeiske menneskerettane (EMK) og skriv:
«Samlet sett må det legges til grunn at forbudet mot tortur pålegger statene en viss plikt til å åpne for abort i saker der svangerskapet er et resultat av voldtekt eller incest, eller der fosteret ikke er levedyktig. Statene må sikre at kvinner i særlig sårbare situasjoner grunnet ovennevnte forhold har tilgang til trygg abort uten å utsettes for uholdbare påkjenninger.»
Men i sjølve lovforslaget blir det berre opna for abort etter veke 22 i svangerskapet dersom «det er klart at fosteret vil døy under svangerskapet, eller kort tid etter fødselen».
Plikta statane har til å opna for seinabort innenfor ramma av torturforbodet, er altså ikkje lagt vekt på av regjeringa etter veke 22.
Reiste til USA
Dei aller fleste vil oppsøka hjelp og søka om abort før veke 22, også etter incest og valdtekt, men det finst tilfelle der svangerskapet er kome for langt då det blir aktuelt å søka abort.
Slike situasjonar er så sjeldne at fagmiljøet som Løkeland-Stai er ein del av, får høyra om det. Det kan vera eit barn som ikkje har vore klar over at ho er gravid, eller der foreldra ikkje har vore klar over det tidleg nok, fortel Løkeland-Stai.
– Eg var i kontakt med ein lege i USA som utførte abort på ein tolvåring frå Skandinavia. Det barnet må ha vore over 24 veker truleg, elles hadde det nok reist til London, seier ho.
Heller ikkje Sverige eller Danmark opnar for abort etter veke 22 på bakgrunn av incest eller valdtekt.
Løkeland-Stai fortel også om andre og nærare tilfelle, der kvinner har vore for seint ute etter norsk lov til å få abort.
– Eg har hatt sjukepleiarar her på poliklinikken på gråten fordi dei visste at kvinna ikkje kunne få abort. Det var ei kvinne som hadde vore på flukt og som var blitt valdteken, seier ho.
Forstår, men landa på nei
Karl Harald Søvig er professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, og medlem av Abortutvalet. Han synest det er eit frykteleg vanskeleg spørsmål.
– Eg forstår godt at desse situasjonane er så ekstreme at ein må ha ei unntak i lova. For eigen del er eg i tvil, men eg har landa på det regelverket me har, seier han.
– Eg har ikkje problem å forstå dei som ønsker ein slik bestemmelse, men på den andre sida så har me landa i lovgivinga på at eit foster som er levedyktig skal ha vern. Då er det vanskeleg å formulera eit unntak på ein god måte og at omsynet til kvinna skal gå føre, seier han.

Kari Sønderland var leiar for Abortutvalet. Ho har også forståing for at det kunne vore behov for eit unntak i lovverket for å møta slike sjeldne tilfelle.
– Me oppfatta at det låg utanfor mandatet vårt. Levedyktigheitsgrensa låg fast, seier ho.
Lang kamp
Løkeland-Stai har i ei årrekka vore ein pådrivar for å endra abortlova. Ho meiner at nemndene bør fjernast og er fyrst og fremst glad for at det går mot fleirtal for ei ny abortlov som utvidar retten til sjølvbestemt abort, men utgangspunktet hennar er at nemndene bør fjernast heilt.
Klassekampen skreiv i går om forslaget om å fjerna paragraf 2 bokstav c i abortlova. Paragrafen gir grunnlag for abort viss det er fare for at barnet kan få alvorleg sjukdom.
Fleire er uroa for at det vil gjera det vanskelegare å få abort etter veke 18. Løkeland-Stai seier det er uvisst kva det i praksis vil innebera for dei kvinnene som vil ta abort etter veke 18 i svangerskapet at paragraf 2 bokstav c blir fjerna, men ho trur det kan bli ei vanskelegare oppleving for kvinnene og partnarar.
– Ved fjerning av paragraf 2 c så fjernar du objektive kriterium på fosteret, då flytter du meir over på kvinna og alt blir opp til livssituasjonen til kvinnene. Det kan gi meir grobotn for skam, seier ho.
Ut i frå praksis i dag, så har me ikkje grunnlag for å tru at det blir strengare, meiner ho.
– Så du trur ikkje det kan bli vanskelegare å få abort etter veke 18?
– Eg trur eigentleg ikkje det, ut frå lovteksten slik den står. Men det kan bli ei større belastning for kvinna.