Bjørnar Moxnes vil gjerne halde fram på Stortinget, men no leverer fleire av bydelslaga i Raudt Oslo sine forslag til nominasjonsnemnda i partiet utan å nemne Moxnes i det heile.
Moxnes har sagt at han kan stå på andreplassen på Raudt Oslo si stortingsliste, bak stortingsrepresentant Seher Aydar. I dag har Raudt to stortingsrepresentantar frå Oslo, og det har dei også på meiningsmålingane. Andreplassen vil truleg gje Moxnes fire nye år.
Men no foreslår fleire bydelslag bystyrerepresentant Sofia Rana i staden.
– Ho er ei revolusjonær sjel med stor kampvilje og absolutt integritet, seier leiar i Raudt Grorud José Aurelio Gálvez Suárez.
– Sofia har utmerkt seg med arbeidet sitt for etnisk rettferd og klasserettferd. Som folkevald for Oslo har ho jobba iherdig for rettferdig bustad- og byutviklingspolitikk. Ho har òg solid erfaring med fagforeiningsarbeid som tillitsvald. Ho er aldri redd for å seie kva ho meiner og er alltid først til å forsvare dei svakarestilte, seier han.
Etter det Klassekampen kjenner til, skal bydelslaga Bjerke, Østensjø og Grorud ha levert forslag til nominasjonsnemnda utan å ha med Bjørnar Moxnes på lista. Nordre Aker, Sagene, Oslo Vest og arbeidarlaget i Raudt Oslo har Moxnes på lista si.
Fristen for å kome med forslag er laurdag.
Moxnes gjekk av som partileiar og var sjukmeld i fleire månader etter at det blei kjend at han hadde stole eit par solbriller frå ein butikk på Gardermoen i fjor sommar.
Sofia Rana har ikkje svart Klassekampen i denne saka. Bjørnar Moxnes ønskjer ikkje å kommentere.
– Passar profilen betre
Yoran Sandanger, leiar i Raudt Bjerke, seier at dei har foreslått Seher Aydar og Sofia Rana på toppen av lista, og at heller ikkje dei har Bjørnar Moxnes som ein del av sitt forslag.
– Vi har foreslått Sofia Rana, Seher Aydar, Siavash Mobasheri, Marielle Lobo og Jaime Fuentes på dei øvste plassane, seier Sandanger.
– Kvifor foreslår de Rana og ikkje Moxnes, som også går for andreplassen på lista?
– Det er på grunn av hennar engasjement for Groruddalen, og dei sakene vi brenn for. Både palestinasaka og det generelle internasjonale engasjementet hennar er viktig for oss i bydelslaget. Vi tykkjer ho er god på det, seier Sandanger.
– Og kvifor ikkje Moxnes?
– Det er berre fordi vi foreslår dei fem vi har foreslått, og vi tykkjer dei passar vår profil betre enn Moxnes.
– Moxnes har leia an i at Raudt skal støtte våpen til Ukraina. Har det spelt inn i diskusjonane om han som kandidat?
– Ut frå det eg har oppfatta, så har ikkje det med våpenstøtte vore avgjerande. Vi har diskutert våpenstøtte hjå oss, men det er ikkje difor vi foreslår dei vi gjer, seier Sandanger.
– Bjørnar er samlande
Ayat Majbel Saeid er med i Raudt Oslo arbeidarlag, som ønskjer Bjørnar Moxnes på andreplass og Seher Aydar på førsteplass.
Ho fortel at det var brei støtte bak det forslaget då dei hadde lagsmøte.
– Det var tydeleg at vi ønskte Seher på topp, og Moxnes som nummer to.
– Kvifor vil de ha Moxnes, då?
– Vi har ikkje råd til å vrake Bjørnar. Han har solid erfaring, er populær i Oslo og trekkjer stemmer. Innsatsen hans etter sjukemeldinga har vore utruleg god, særleg på Palestina. Han er samlande, og det er noko venstresida treng. Saman med Seher Aydar tiltrekkjer dei veljarbasane vi ønskjer. Med både Bjørnar og Seher representerer vi breidda vi treng, seier ho.
Raudt Alna har enno ikkje levert sitt forslag, men bydelsutvalsmedlem i Alna Arne Rolijordet støttar Moxnes på andreplassen.
– Eg personleg støttar Bjørnar. Det er fordi eg trur at han har større appell enn Sofia Rana, og er kanskje den dyktigaste politikaren i heile Raudt. Om vi har som mål å kome over sperregrensa, så er det heilt avgjerande å ha Bjørnar på ein høg plass.
Raudt Oslo skal kome med eit førsteutkast til stortingsliste 1. oktober. Ein månad etter kjem den endelege innstillinga, og i slutten av november skal lista røystas over på eit allmøte der alle medlemmar i Raudt Oslo har røysterett.