«Her kjem sola» er ein lett håpefull og litt ekstrem kjærleiksroman.

Gjennom murgolvet

EIN HARDNAKKA DRAUM: Forteljaren i Gunnhild Øyehaugs nye roman hamnar i eit parallelt univers. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Etter å ha lese ut og lata att Gunnhild Øyehaugs «Her kjem sola» opnar eg straks romanen att og byrjar å nappe ut alle sidene frå boka, truleg for å bearbeide det eg har blitt utsett for. Eg finn fram blyanten og skraverer alt det kvite kring dei svarte tekstblokkene på arka, og teipar så alle dei 180 gråsvarte arka saman til ei flyttblokk – ein perfekt miniatyr av flyttblokka vi lesarar møter allereie på side to i romanen.