Raudt

Får lov å bli rik på ny bok

Han har tidlegare gått glipp av bokinntekter på grunn av den særeigne partiskatten i Raudt. No er det bestemt at Mímir Kristjánsson får pengane frå salet av den nye boka si sjølv.

NY AVTALE: Mímir Kristjánsson slepp å gje alle pengane han tener i samband med si nye bok, vidare til Raudt. Foto: Fartein RudfjordNY AVTALE: Mímir Kristjánsson slepp å gje alle pengane han tener i samband med si nye bok, vidare til Raudt. Foto: Fartein Rudfjord

Stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson har fått strålande kritikkar for si nye bok «Pabbi – en familiesaga om drukkenskap». No får Raudt-politikaren enno ei glad­melding frå sitt eige parti:

Han får behalde kvar krone han tener på boka. Det blei klart etter eit møte i partileiinga i Raudt, som har handsama ein søknad frå Kristjánsson om å halde bokinntektene utanfor partiskatten.

Raudt-generalsekretær Reidar Strisland stadfestar overfor Klassekampen at Kristjánsson slepp unna partiskatten.

Overraska sjølv

Kristjánsson har tidlegare skrive fleire bøker som Raudt-politikar, utan at han har blitt rik av den grunn. Raudt sitt særeigne regelverk med partiskatt har nemleg gjort at han maksimalt kan tene 782.784 kroner i året. All inntekt over den grensa har gått rett til Raudt si partikasse.

Då Klassekampen ringjer Kristjánsson for ein kommentar, har han ikkje fått med seg nyheita sjølv.

– Sa du at eg skal få pengane, eller at eg ikkje skal få det? spør Kristjánsson.

– Dei har bestemt at du skal få halde på pengane sjølv.

– Ja vel, det var jo flott!

– Kvifor har du søkt om det?

– Det er fordi eg følte at det ville ha vore rart å gje frå seg pengane frå eit så personleg og privat prosjekt om familien min, der livet mitt er råvara i prosjektet. Det ville eigentleg ha vore litt invaderande å gje frå seg pengane frå det, så difor søkte eg om det. Dette er jo heller ikkje noka politisk bok, seier han.

Kassasuksess

Det er ikkje berre småpengar Kristjánsson kan tene på utgjevinga. Forleggar Cathrine Sandnes i J.M Stenersen forlag fortel at boksalet går uvanleg godt.

– Allereie same dagen som vi lanserte boka, måtte vi bestille eit nytt opplag på fem tusen nye bøker. Eg trur vi er tomme i morgon faktisk, så vi må nok trykkje opp endå meir enn det òg, seier Sandnes.

– Er dette godt sal?

«Det kan kome på eit nivå der eg blir meir rik enn det eg er komfortabel med.»

Mímir Kristjánsson, stortingsrepresentant for Raudt

– Ja, det er eit heilt uvanleg godt sal.

Overraska og glad

Det var i april i år at Kristjánsson søkte partiet om å få pengane frå salet av boka, som kom ut i førre veke. Svaret frå partileiinga har late vente på seg, men i går kunne partisekretæren altså stadfeste at den har bestemt at han skal få eit unnatak frå partiskatten.

«Pabbi» er den tolvte boka Raudt-politikaren har skrive, og den handlar om det krevjande forholdet han sjølv og faren hans har hatt til alkohol gjennom livet.

Kristjánsson merker sjølv at interessa er større enn før.

– Så er det slik at det skal ganske mykje til for å bli rik som sakprosaforfattar i Noreg. Eg trur ikkje det er aktuelt, men dersom eg tener veldig mange millionar på denne boka, så får eg heller vurdere å ta ei ny vurdering på korleis vi skal løyse det med partiet.

– Kvifor det?

– Det kan jo kome opp på eit nivå der eg vert meir rik enn det eg er komfortabel med. Hovudmotivasjonen min om å søkje om unntak handlar ikkje om at det er så viktig å få dei ekstra pengane. Eg meiner stort sett at det er hundre prosent bra at vi har eit partiskattesystem i Raudt, og eg tenkjer at dette har vore ei litt vanskeleg sak for partiet også.

Fleire har skatt

Blant partia på venstresida er det ikkje uvanleg med ordningar som gjer at dei folkevalde må gje frå seg delar av inntekta si til partiet. I SV må alle representantar i både Stortinget, fylkesting og kommunestyre gje ti prosent av inntektene sine.

Raudt krev enno meir, og har reglar som seier at ingen kan tene meir enn 20 prosent meir enn snittløna i Noreg. Akkurat no gjer det at alle inntekter over 782.784 kroner skal betalast inn til partiet.

Kristjánsson har tidlegare betalt inn for inntekter knytt til forfatterskapen.

– Det er litt komplisert, fordi til dømes mange av biblioteka ikkje aksepterer å ikkje betale meg på lik linje som andre. Då må eg takke ja til å få ein sum, og så må eg sende den til partiet. Eg er også veldig nøye på å ikkje be om refundert reise frå Stortinget viss det er ein liten sjanse for at eg kan ha selt ei bok i løpet av turen, seier han.

Retting 20. august 2024: I ei tidlegare utgåve av saka stod det at Cathrine Sandnes er forleggjar i Kagge forlag. Det rette er at ho er forleggar i J.M Stenersen forlag, som er eigd av Kagge forlag.