Akkurat nå

Typisk norsk å være...?

«Er du svensk?» spurte en fyr jeg møtte på ferie i Berlin. Jeg svarte nei, men lot ham gjette igjen. «Å! Du er dansk?» Igjen avkreftet jeg, og hintet denne gangen med at jeg kom fra det tredje og siste skandinaviske landet. Men vårt land hadde tyskeren helt glemt. Finland, Island og Grønland ble alle gjettet, men ikke lille Norge. Diagnosen er klar: Vi nordmenn har et imageproblem.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Dr.Dritt

Akkurat no er eg rasande over pengar og Dr. Dropin, to ting som så definitivt heng saman, ­openbert, og difor er eg også rasande på meg sjølv. Eg kunne nøgd meg med å berre skrive: aldri dra på Dr. Dropin, kanskje fyrst og fremst til meg sjølv, sidan eg reknar med at lesarane av Klassekampen ikkje er dei hyppigaste brukarane av ­Askeladden & Co-selskapet. Men, fordi det kan vere fleire idiotar som meg der ute, og sidan eg treng påminninga, så skal eg utfylle. Det heile starta med lange helsekøar. Ikkje overraskande, og det var nesten i ein slags trass over dette, at det offentlege ikkje meistra å gje meg ein liten halvtime til noko eg treng, at eg bestilte time hos det dumme, dumme, kapitalistiske helvetes-konsernet.

Utflyt­taren

Eg er tilbake frå distriktet. Eg har budd der, nærmare bestemt ein stad i Innlandet, i kring eit halvt år. (Det har leia til endringar. Som at eg no, i denne teksten i alle fall, skriv på nynorsk, at eg veit både korleis ein pumpar luft i bildekk, at janteloven så visst lever i sitt beste velgåande og at Statsforvaltaren er om ikkje djevelen, så den store, stygge kjeppen i hjulet for all framdrift.) Eg har tenkt, medan eg jobba som journalist i ei avis på denne staden i Innlandet, at eg skulle føreslå ei spalte. Det var inspirert av samlinga av spaltene til Agnes Ravatn, Alle mot alle, som eg las før eg drog til distriktet. Eg har gått med idear til spalta i heile det halve året eg var i avisa.

Tap-tap

God dag. Eg har vore litt nedfor i det siste. Diktarlivet tek på både psykisk og fysisk, og det er særleg den siste biten som har vorte mest gjeldande den siste tida. Det har seg nemleg slik at eg her om dagen gjorde eit brutalt funn etter at eg hadde dusja og tørka meg. Håret på toppen av hovudet har sett sine beste dagar, og månen er i ferd med å bli større enn snusdåsa i lomma mi. Kva skal eg gjere? Eg kunne ha skrive eit dikt om det, men det gjer eg som oftast når eg har fått ein psykisk knekk. Eg gjekk difor ned til apoteket og kjøpte meg ein hårkur som ifølgje reklama skulle få ting på stell igjen.