Krypto

Då tvillingbrørne Winklevoss var studentar på Harvard, fekk dei ideen om å lage ei sosial plattform på internett og tilsette ein fyr som heitte Mark Zuckerberg til å kode nettsida. Han stakk av med ideen og er no verdas fjerde rikaste mann. Tvillingane saksøkte Zuckerberg, som i 2008 gjekk med på å gi dei 65 millionar dollar. Tvillingbrørne bestemte seg for å bli kryptobrør, og i 2013 eigde dei cirka éin prosent av alle bitcoins. Dei 70.000 bitcoinsa som dei den gong betalte rundt 10 dollar per stykk for, er no verdt 66.740 dollar per stykk.

Dagboka