Veit du kvar du er ifrå og kva tid du lever i?

På sin plass og i si tid

Illustrasjon: Knut Løvås

Tidsånda, Zeitgeist, er eit omgrep som ein stadig kjem over. For mange er det om å gjera å koma inn i denne ånda: vera trendy, moderne, up to date og gå inn i si tid. For andre er dette noko flyktig og moteprega som ein vil unngå å verta for mykje påverka av, og prøva å halda seg litt utanfor. Ein vil heller vareta meir varige og tradisjonelle verdiar. For andre igjen kan det vera noko ein søkjer å vera i forkant av, slik Lars Saabye Christensen skriv i forordet til si bok «Blues for en av de dagene», som kom ut i år, om jakta på den ultimate poplåta: «Den ene låten som kunne definere, løfte og merke oss, og ikke minst kunne fange, eller være i forkant av, det store gjenferdet, spøkelset som ler bak vår rygg, nemlig tidsånden.»