Når polariseringa i politikken når nye temperaturar, lyt vi kjøle oss ned og hugse kven som er våre verkelege fiender.

For varmt

Betre saman: Me har ikkje nokon garanti for at eit nytt politisk fleirtal i Noreg ikkje vil la seg inspirere av desse tankane som driv saman med mykje anna vrakgods over Atlanterhavet, skriv Stephen Walton. Her er Trumps nye visepresidentkandidat J.D. Vance på et valkamparrangement måndag. Foto: Julia Nikhinson, AP/NTB

Når eg les Luca Dalen Espseth sin reaksjon på mi melding av boka hans «Født i rett kropp» og Anne Kalvigs «Kjønnstru», må eg undrast over kva han trur ei bokmelding er. Etter mitt syn er meldarens oppgåve å gjere greie for innhaldet i boka, peike på logiske eller faktiske feil og brot, peike på vesentlege utelatingar, og vurdere boka som leseoppleving. Plassen er som regel knapp, og ei bokmelding er ikkje staden for å utbasunere eigne teoriar og synsmåtar i utrengsmål, sjølv om me nok òg ser mange eksempel på det. Dalen Espseth og Kalvig sine bøker har opplagt ein felles tematikk, men dei høyrer til ulike sjangrar, og har diametralt motsett ideologi. Meldaren skal prøve å forstå tekstar på tekstens premissar, sjølv om ein kan vere usamd i innhaldet. Dette gjeld særleg på kontroversielle felt, og der temperaturen er høg. Dessutan veit alle som skriv, at det er hardt arbeid. Det arbeidet skal respekterast, uansett om ein gjerne skulle ha ønskt at forfattaren hadde brukt tida si til noko heilt anna. Manglande innsats i form av slurv skal påpeikast.

Feminist javisst