Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har fått vatn på mølla etter det førre G20-toppmøtet, og no er han tilbake med ein ny skatteplan som verken Elon Musk eller Mark Zuckerberg kan sleppe unna.
– Når vi no går inn i ei ny tid, må vi sjå kva vi kan lære av den norske modellen, seier Senterparti-leiaren.
Usynlege naturressursar
I dag skal Vedum halde foredrag på G20-toppmøtet i Rio de Janeiro. På det førre toppmøtet blei Vedum tatt på senga av den store interessa for norsk skattepolitikk. No er han tilbake med ein ny skatteplan som han håper vil gjere den norske modellen verdsomspennande.
I Noreg har vi mellom anna grunnrenteskatt på vasskraft og oljeproduksjon. Planen til Vedum er å innføre ein global grunnrenteskatt for teknologigigantar som Google og Meta. Dei tener store summar på å samle inn data frå brukarane sine, som dei mellom anna bruker til å selje målretta reklame og utvikle kunstig intelligens.
– Dette er naturressursar du ikkje ser, men dei er endå viktigare. Det er vår felles historie, kjenslene dine, blikket ditt, kor lenge du ser på telefonen, kva du ser på klokka elleve om kvelden og kva du gjer klokka åtte om morgonen. Alt gir du til desse selskapa. Den førre bilen eg kjøpte, kjøpte eg fordi eg fekk den opp på Instagram, innrømmer Vedum.
Store summar
Gjennom OECD er det allereie innført ein global selskapskatt på 15 prosent for å gjere det mindre attraktivt å etablere seg i skatteparadis.
– Det er første gong vi har klart å innføre internasjonale skattereglar for å tette skattehol, seier Vedum, som dermed meiner at rammeverket er på plass for at ein også kan innføre fleire skattemodellar.
– Eg vil løfte debatten. I foredraget mitt stiller eg mange spørsmål og har ikkje alle svar, men eg kjem med nokon haldningar og retningar.
– Viss du får fire nye år som finansminister, kunne du vurdert å innføre dette i Noreg som ein forløpar?
– Skal det bli effektivt, må vi få det til saman med andre land. Men eg kjem til å jobbe mykje med det og bruke tid på det. Her har du enkeltpersonar som er rikare enn land. Viss ein ser kor store aktørar dei er i norsk økonomi, er det berre rett og rimeleg at dei bidreg tilbake.
– Kor mykje kunne vi tent på ein sånn skatt?
– Det er store summar. Vi har ikkje oversikt over inntektsstraumane som går gjennom desse selskapa.
Pengane som blir kravd inn, vil vi trenge for å finansiere velferdssamfunnet etter kvart som folk lever lenger og fleire treng pleie, ifølge Vedum. I tillegg meiner han at vi kan senke skattane for folk flest.
Vil stoppe verdskontroll
Det blir verken tid eller behov for Vedum til å ligge på Copacabana når han er i Rio. Han reiser solbrun rett frå campingferie i Noreg og har allereie fått fullt av førespurnader om møte.
– Som eit lite land trudde eg vi ville ha ei meir nøytral rolle, men vi opplevde det motsette. Både i plenum og i sidemøta, seier han.
Ideane til det nye foredraget hans er mellom anna inspirert av Lena Lindgren si bok «Ekko», som snakkar om den nye merksemdsøkonomien og den amerikanske økonomen Henry George, som snakka om korleis dei som eigde infrastrukturen rundt den sentrale jernbana, stakk av med den største profitten.
– No er det nokre få som kontrollerer infrastrukturen, ikkje berre for eit lite land, men for heile verda. Det dei eigentleg tener pengar på, er kunnskapen om meg og deg. Sjølvsagt må dei få betalt for det, men den ekstra superprofitten dei får fordi dei kan så mykje om dine tankar og menneska si historie, er det feil at det er ei handfull gruppe menneske som tener seg superrike på.
– Er det ikkje nok at vi får bruke tenestene gratis, som takk for persondata vi gir frå oss?
– Der er eg ueinig i grunnprinsippet. Det dei tener pengar på, er meg og deg.
Får bruk for erfaringa
I fjor blei det også innført grunnrenteskatt på havbruk og vindkraft i Noreg. Vedum si tid som finansminister har i stor grad vore prega av kampen med oppdrettsnæringa for å innføre lakseskatten.
No er han ferdig med å heve skattane i Noreg, seier han, men erfaringane kan bli nyttige når han i neste omgang skal opp mot Elon Musk og Mark Zuckerberg.
– Når du utfordrar krefter, blir det sterke motreaksjonar. Når du meiner at noko er rett, må du stå i det. Dette meiner eg er viktig.