Flyreise, bustad og opphald for eit semester. Universitetet i Oslo ville dekke alt for ti medisinstudentar frå Gaza, for å sikre at dei kunne fullføre studia sine i Noreg.
Foreløpig har éin av ti av studentane mottatt avslag på søknaden. Dei fryktar at studentane ikkje vil forlate Noreg når semesteret er over.
Annonse
– Eg vil fullføre graden min så eg kan reise tilbake til Gaza. Vi har mista så mange helsearbeidarar. Det er heilt avgjerande at vi får reise tilbake, seier Manar Alkhodari, ein av medisinstudentane som hadde fått plass.
Alkhodari har fått beskjed om at avslaget hennar også har blitt sendt. Klassekampen snakkar med ho på telefon frå Kairo, der ho foreløpig bur som papirlaus saman med mor, søster og bror.
Lover å reise tilbake
Klassekampen har sett avslagsbrevet til medstudenten. Der står det at «situasjonen i Gaza gjer det usannsynleg at du vil returnere til dette området etter opphaldet i Noreg».
Det hjelper heller ikkje at dei er unge og ugifte, står det i avslaget.
– Det er ikkje rimeleg. Vi er meldt at vi er forplikta til å reise tilbake, seier Alkhodari.
Etter at krigen starta, har Alkhodari vore frivillig på fleire av sjukehusa på Gaza medan ho flykta sørover med familien. Sjukehusa er enten bomba eller invadert av Israel. Ifølgje Al Jazeera er rundt 500 helsearbeidarar drepne i Gaza sidan oktober. Dette gjeld også fleire spesialiserte legar. Sjølv om ho frykta for livet sitt kvar dag ho var der, vil ho tilbake.
– Viss dei treng ein garanti, kan dei eskortere oss ut. Dei kan halde oss i handa til flyet. Vi gjer alt for å få dei til å forstå at vi berre vil tilbake til Palestina, seier ho.
Ho seier at ingen av dei har nokon grunn til å bli i Noreg. Dei er ikkje klar til å lære eit nytt språk eller sette i gang med studia på nytt. Dei vil fullføre studia slik at dei kan reise heim.
– Alle har ein stad å reise tilbake til, sjølv om huset ikkje er der. Landet vårt er der framleis, og vi vil tilbake for å bygge opp att huset vårt.
Den siste månaden har ho og dei andre medisinstudentane møttest for å planlegge kva dei skal pakke, diskutert korleis ein skal møte ein norsk vinter.
– Eg skulle blitt uteksaminert dette året. No er utdanninga mi på pause, og ikkje slik at «du kan fortsette om to år». Det er ingen framtidsutsikter, seier Alkhodari.
Annonse
Ho har prøvd å studere på eiga hand i Kairo, men synest det er tungt når ingenting ser ut til å gå nokon veg.
Vil klage
Pakistan har sagt at dei vil ta imot 100 medisinstudentar frå Gaza for å sikre at dei får fullført studiet. I juni kasta UiO seg rundt for å ta imot ti studentar no til hausten.
Det er eit lite bidrag som kan gi store ringverknader, meiner Anne Kveim Lie, professor ved institutt for helse og samfunn. Ho har vore med i prosessen for å få medisinstudentane til Noreg.
«Viss dei treng ein garanti, kan dei eskortere oss ut.»
— Manar Alkhodari, medisinstudent frå Gaza
– Eg hadde håpt at dei ville forstå at dette var så viktig for samfunnet at dei ville gjere unntak, seier ho.
Ho seier at dei også har prøvd å overtyde UDI om at studentane vil reise tilbake, og at dei ikkje vil tilby dei meir enn fem månadar med undervisning.
Annonse
– Det at vi ikkje kan ta imot desse studentane, er heilt uforståeleg. Dei tar berre innvandringsregulerande omsyn. Her må staten på banen, seier Lie.
Svein Stølen, rektor ved UiO, seier at dei jobbar med å klage på avslaget.
– Vi skal gjere alt vi kan innan fristen og legg inn dei ressursane som skal til. Dette er det viktigaste vi kan gjere no. Men vi treng hjelp frå staten for å gjere det politisk mogleg, seier Stølen.
Gir ikkje løyve
Utanriksminister Espen Barth Eide har tidlegare sagt til NRK at noko av det viktigaste Noreg kan gjere, er å sørge for at helseinstitusjonane i Gaza kjem i drift igjen.
Vanlegvis blir søknader om visum til Noreg godkjent, uavhengig av land. På nettsidene til UDI opplyser dei at det er svært vanskeleg for søkjarar frå Palestina å få opphaldsløyve for å studere.
«For denne gruppen vil studietillatelse som hovedregel ikke gis, med mindre søkeren har betydelig tilknytning til hjemlandet eller andre konkrete omstendigheter tilsier at søkeren vil returnere etter endt opphald i Noreg», skriv einingsleiar i UDI Frode Mortensen i ein e-post til Klassekampen.
Leiar i utdanningskomitéen på Stortinget Hege Bae Nyholt (Raudt) seier at ho slit med å finne ord.
– Noreg har ei politisk og menneskeleg plikt til å få stoppa krigføringa og hjelpe å bidra til kompetanse til å bygge opp att landet. Dette er eit minimum vi kan gjere. Det å nekte folk innreise fordi det er for farleg der dei kjem frå, er umenneskeleg, seier Nyholt.
Retting 21.07: En tidligere versjon av saken ga inntrykk av at alle studentene hadde fått avslag på søknaden. Kun én student hadde fått avslag da artikkelen sto på trykk. En annen student hadde fått beskjed om at avslaget hennes var blitt sendt.