Oppdrettsnæringa er villaksens største trussel, slår forskarar og styresmakter fast. Feil, meiner sjefslobbyist for laksenæringa Geir Ove Ystmark.

Vil ikkje sjå det forskarane ser

I naturen: Det er naturleg med genetiske spor av oppdrettslaks i villaksen, på same måte som homo sapiens har spor av neandertalarar, ifølge administrerande direktør i Sjømat Norge Geir Ove Ystmark. Foto: Sjømat Norge

– Er du einig med klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, som har omtalt villakskrisa som eksistensiell, i at det no står om vi i framtida skal ha villaks i norske elvar eller ikkje?