Litteratur 26. sep.
Utan eit vondt ord Kjære Berit,
Som du og dine utgivarar på forlaget Lord Jim har gitt utfyllande greie for, er mine synder tallause som havets sand, som haustens lauv.
Utan eit skeivt ord til deg og dine utgivarar må eg lasta meg sjølv for at eg svara ja, då du spurde om eg ville skriva om faksdialogane. Så formasteleg å skriva meg inn i hyllinga av karikaturteikningane til Enstad, Rickhard og Torvund! Ikkje minst så forfengeleg å tru på godorda til deg og utgivarane dine om skriftstykket mitt! Så tankelaus eg kunne vera, som å dela lovtalen med eit større publikum i Klassekampen. Og så forbrytarsk av meg å illustrera hyllinga med teikningar eg har fått tilsendt. Utan eit skeivt ord til deg og dine utgivarar lovar eg aldri å gjera det igjen.
Ola Enstad var berre ein papirhaug, det har eg nå bittert fått erfara. Og eg som har gleda meg over at nekrologen hans hang på veggen på verkstaden til Leonard Rickhard, og diktet Svevet gjennom steinen om kunsten hans låg på skrivebordet då Leonard døydde. For meg er det til stendig trøyst at orda mine har vore med på å prega arbeidsdagen til den store biletkunstnaren i Arendal.
Eg ber det med meg som eit tent lys.
Det seier eg utan eit vondt ord til deg og dine utgivarar.
Som du veit, er Ola Enstad grunnen til at eg blei kjend med deg og Leonard.
Kjartan Fløgstad