27. nov.
Bygda I 1992 vart diktaren Hans Hyldbak omtalt i VG og andre riksmedium fordi han hadde ramla inne på Vinmonopolet i Kristiansund og deretter hamna i fyllearresten. Det vekte ikkje berre merksemd fordi Hyldbak var ein kjent diktar, men fordi han var 94 år gamal. Hyldbak levde til han vart 103 år gamal i 2001, og i all tid etter framstår det som at han har vorte grenselaust hylla i heimebygda Surnadal. No har både lokale aviser og VG og NRK skrive at fleire personar skuldar Hyldbakk for seksuelle overgrep mot barn over lang tid, og dei seier at heile bygda har vore klar over det.
Heimgarden hans har vore eigd av kommunen og nytta til ein kulturfestival som har gjort bygda kjent. No har ei kvinne foreslått at kommunen bør brenne ned garden for å heidre offera, og fleire har foreslått at statuen av Hyldbakk bør rivast ned.
For ein utanforståande framstår det som ganske grovt om seksuelle overgrep vart tia i hjel over fleire tiår, men i kommentarfelt til lokalavisene ser eg at fleire tek til orde for at ein må hugse på at det var ei anna tid. Men var eigentleg 70-, 80- og 90-talet ei så anna tid? Ikkje veit eg, det er eg for ung til å vite.
Eg har lenge ivra for at det må vere mogleg å skilje mellom kunst og kunstnar.
Aleksander Åsnes