Hustadvika, eit snautt 20 km langt havstykke utafor Romsdalshalvøya, er eitt av landets farlegaste og mest lunefulle kystområde. Her er inga innaskjers skipslei, og storhavet står rett på. Skipsforlisa har vore tallause opp gjennom åra, sist med nestenforliset til Viking Sky i 2019. Mange familiar i området har hatt fleire av sine i ei våt grav enn på kyrkjegarden. Men i havet er det fisk, og balansegangen mellom næring og risiko har i hundrevis av år vore del av kvardagen for folket i regionen.
Havet gir, og havet tar er mantraet langs kysten, men når vêret er som verst, kan det bli kraftig ubalanse.