Bed and breakfast

For fem år sidan blei barneskulen i heimebygda mi lagt ned. I ettertid blei det sagt at barneskulen skulle tilhøyre bygdefolket, men i fem år har det stått tomt. I nabobygdene har store delar av bygga blitt selt til private. Kontorbygg og idrettshallar blir bygt om til leilegheiter som blir brukt som hytter av turistar eller byfolk. Heile sentrum har blitt «bed and breakfast», sa ei i det lokale husflidslaget. Det har gjort det vanskeleg for både dei og andre frivillige lag å finne stader å vere.

Dagboka