For godt til å vera sant?

Leif Sande skriv i Klassekampen 2. juli ein lovprisingstekst om kor stor suksess EØS-avtalen har vore for Noreg, slik den statlege EØS-utgreiinga konkluderer med. Når han ser bort frå Smedshaugs dissens, var EØS-utgreiinga eintydig stadfesting av kor god avtalen har vore – og fortsett er for Noreg. Men det er ingen ting samanlikna med kor stor innverknad Noreg kunne ha i EU om me var fullverdige medlem, meiner han. Med utheva, blå skrift seier Sande: «Faktum er at Norge vil få betydelig innflytelse, både formelt og uformelt»! Eg vert oppgitt over at det går an å vera så naiv i høve til realitetane i heile oppbygginga av EU sitt styresett og Noreg sin eventuelle innverknad i desse viss me vert medlem.

Debatt