Vert du plukka ut i ein straffesparkkonkurranse, kan det vere det viktigaste sparket på ballen i heile karrieren.

Angsten ved straffemerket

Akkurat ikkje: Portugisiske Diogo Costa nådde akkurat ikkje denne ballen frå Georges Mikautadze, men får kanskje nye sjansar i dag. Foto: Andreea Alexandru, AP/NTB

Dag Solstad gjekk hardt ut mot Peder Handke og boka hans «Målmannens angst ved straffe­sparkmerket» i VM-boka frå 1982. Målmannen har angst for mykje, skriv Solstad, og ramsar opp ballar med skru, dårleg vêr, lause markkryparar, men ikkje for straffesparket, for då er han fri frå byrda. «Ved straffesparket er målmannen helt rolig, nesten munter, han er full av faen, han tar sjanser, han er befridd, og frykter intet», skriv han.