Kenneth Sjøvold 4. juli
Bølga I helga var det pride i Oslo. Det er kjekt å sjå skeive, som har måtta kjempe for å få vere dei dei er, kunne marsjere stolte i paraden. Og det er viktig å delta for å vise støtte. Trass i at politiet har fått ei auke i meldingar om hatkriminalitet mot skeive etter terrorskytinga under pride for to år sidan, er det ganske bra å vere skreiv i Norge i dag om ein samanliknar med andre land. Men det er lett å ta for gitt kor bra vi har det.
Mange meiner at det er nok pride no, men rettane til skeive har jo ikkje komme av seg sjølv, og dei kan også forsvinne. Den mørkeblå bølga som har skylt over Europa, der ytre høgre har fått ei hand på makta i fleire land, kulminerte i eit blå-blått EU-parlament tidlegare i sommar.