Nidstonga

  • Det vekte stor oppsikt at Danmarks statsminister Mette Fredriksen vart slått ned på open gate i København før EU-valet sist helg. Fleire tyske kandidatar til EU-parlamentet vart utsette for politisk vald og mange frykta fenomenet igjen heimsøkte Norden. Dagsrevyen prøvde truleg å roa dei som engsta seg for demokratiet då dei meldte at det var ein «full polakk», som hadde dytta Fredriksen i asfalten så ho fekk nakkesleng. København må takla mange utagerande tilreisande og det er ikkje få danskar, som kan vitna om å ha sett ein «full nordmann» i aksjon. «Full polakk» blir likevel ikkje berre ei sakleg faktaopplysing når nyhendespråket i NRK til vanleg bruker formuleringar som «overstadig berusa utanlandsk statsborgar». Det handlar om ikkje å skapa eller forsterka stereotypiar. Sidan polakkar er blant dei som i ti år har vorte utnytta som billeg arbeidskraft i Norden, er det noko ekstra uggent med det språklege normbrotet. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Bøker

Arkitekten vil ta grep: – Munch­mu­seet var ikke et ulykkes­til­felle

Medier

Dagbladets papiravis har nå et opplag på under 10.000. Men de har ingen planer om å legge den ned.

Medier

Donald Trump nekter CNN, Politico og MS Now adgang til Det hvite hus – og lover flere utkas­telser. Valget i november kan være årsaken, tror medie­fors­ker.