Tysdag denne veka vart det klart at Raudt og SV løftar saka om leiarløningar i dei statleg eigde selskapa Kongsberg og Nammo opp i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
SV og Raudt vil undersøkje om regjeringa tek for lett på dei høge leiarløningane i statlege selskap. Senterpartiet deler uroa til opposisjonen.