Stamsund Teaterfestival er ein viktig møteplass, men har potensial til også å trekke eit langt større publikum.

Teater­me­tro­polen i Lofoten

SMÅ KÅR: Her passerer opningsprosesjonen Figurteatret i Nordland, som i dette vesle, unnselege huset har to scener, verkstadar og driv produksjonshjelp for figurteater i både inn- og utland. BEGGE FOTO: AMUND GRIMSTAD

Stamsund er eitt av dei største fiskeværa i Lofoten. Trass i berre 1100 fastbuande er Stamsund også ein teatermetropol som er kjend langt utover Noregs grenser. Den vesle plassen har ikkje mindre enn tre teater. Det starta med Teater NOR på slutten av 1990-talet. Sidan har Eilertsen & Granados Teater og Figurteatret i Nordland kome til. Om ein skulle ha like stor teatertettleik per innbyggjar som i Stamsund, måtte det til dømes vere rundt to tusen teater i Oslo.

Kommentar