Kor blir det av dei tøffe karane? Dei som vågar å seia høgt at lønnsarbeidsdagen er for lang, og at dei treng meir fri tid – til ungane, til husarbeidet, til å spela fotball, til å dra på fisketur? Dei finst, men så langt har «Mannfolk for sekstimarsdagen» vore lite synlege i det offentlege rommet.