Dagboka

Velferd

Eg har ikkje hatt mykje med helsevesenet å gjere i løpet av livet. Med to foreldre i helsevesenet har det stort sett gått lett, og ofte har eg sleppt å oppsøke legekontoret. Møtet med helsevesenet denne gongen har ikkje vore like lett. For 20 år sidan braut eg handleddet. I ettertid har det verka no og då, av og til slik at det har vore vanskeleg å bruke. Kanskje det ikkje skal vere slik, tenkte eg. Med helseforeldre fekk vi funne tilbake til eit gammalt røntgenbilete, som viste at det kunne bli fiksa med eit enkelt inngrep. Deilig. 20 år med smerter over på ein time.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Bedre før

Psykologiprofessor Johannes Hatfield ba 812 norske lærere om å sammenlikne dagens elever med elever de hadde for 20 år siden. Forskjellene er store, er de fleste lærerne enige om. De mener dagens elever har dårligere akademiske evner, mindre motivasjon, mindre utholdenhet og dårligere konsentrasjon. Lærerne rapporterte også om mer aggressiv atferd, manglende evne til å regulere følelser og problemer med å respektere autoriteter. Hatfield mener svarene fra lærerne ikke bare handler om at alle mener ting var bedre før, men at de skyldes store samfunnsendringer de siste 20 årene, særlig knytta til digital utvikling og internett. Han peker på tre forklaringer i et intervju med forskning.no: Økt skjermbruk, mer ettergivende foreldre og en skolepolitikk som undergraver lærernes autonomi. Det er lett å nikke gjenkjennende til lærernes refleksjoner, for det er mye som tyder på at den oppvoksende generasjonen har fått et visst preg av kombinasjonen lett tilgjengelig digital underholdning og foreldre som ikke klarer å si nei. Bare se på reaksjonen fra VG-kommentator Astrid Meland på Helsedirektoratets nye skjermråd.

Grønland

Mange trur at inuittane, eller det vi i dag kallar grønlendarar, var dei fyrste som slo seg ned på Grønland. Slik var det ikkje. Norske folk kom dit før dei. Under leiinga til jærbuen Eirik Raude nådde nordmennene Grønland i 985. Først fleire hundre år seinare kom inuittane frå Alaska, og dei var kanskje med på å drive dei norrøne busetjingane til grunne på 1400-talet. I 1721 segla den norske presten Hans Egede til Grønland for å sjå korleis det gjekk med dei gamle norske busetnadane. Dei var ingen stad å sjå, og på mystisk vis stod berre kyrkjeruinar att.

Dialekt

I gamle dagar skulle (dei fine) jentene seia «jeg» og gutane «eg» i Bergen. Er det framleis slik, fekk me spørsmål om i jula. Nei, slik er det ikkje. Men kva som er typisk tale for barn og unge i Bergen i 2026, er ikkje godt å svara på. Kjetil Gillesvik, fagsjef i Initiativ Vest, skreiv nyleg eit innlegg i BT om bergensdialekta. Han peiker på eit fenomen, som eg også har undra meg over, barn og unge som er født og oppvaksen i Bergen endar likevel opp med å snakka austlandsk. Gillesvik plukkar opp tråden etter at BT-kommentator Gerd Margrete Tjeldflåt slo alarm om bergensdialekta før jul.