Transmusikal om narko­kar­tellboss

Kven si historie?

Kor krevjande kan det vera, tenkjer mange, å vera filmkritikar på filmfestivalen i Cannes? Surra om kring på Rivieraen blant filmstjerner, sjå verdspremierar på storfilmar og drikka fransk vin og småspisa hors d’oeuvres to veker i strekk. Vel, røynda er litt annleis for journalistar med ein pose nøtter og flaskevatn i lomma og minst fem nye filmar framfor seg kvar grytidlege morgon. Den som sjølv fiklar med filmkritikk, må berre beundra The Guardians Peter Bradshaw. Han melder ikkje berre alle filmane i hovudkonkurransen (og mange i sideprogramma) fortløpande, han gjer det med solid personleg vurderingsevne, språkleg overskot og humør! Ta til dømes meldinga av den nye Gullpalme-kandidaten til Jacques Audiard, som vann hovudprisen på festivalen i 2015 for tamiltiger-flyktningdramaet «Dheepan». I år er den franske regissøren tilbake med «Emilia Perez» ein publikumsvinnande musikal og ifølgje den britiske kritikaren «ei gjennomført usannsynleg skrøne» om ein skrekkeleg og mektig mexicansk narkobaron og familiefar (spela av den argentinske transskodespelaren Karla Sofia Gascon), som søker hjelp frå ein US-amerikansk advokat for å realisera sin hemmelege draum om å bli kvinne. Franskmannen instruerer ei rad latino- og afroamerikanske Hollywoodstjerner.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Ny norsk sangbok

Oslo-Biskop Sunniva Gylver nominerer «Sint» av Hilja. – Låta er en opp­ford­ring til alle som har funnet seg i litt for mye.

Kulturuka

Fotball-VM røsker oss ut av våre stivnede vaner og minner oss om at noe annet er mulig.

Kunst

– Jeg var mange turer på Utøya, sier kunstner Matias Faldbakken