Går det an å gje sunn fornuft eit fotfeste i diskusjonen om genus- og kjønnsidentitet? Allereie når ein spør slik, er det nok til å skape forventingar om at det no kjem eit reaksjonært utfall. Så gale er det faktisk blitt. Men min påstand er at me som i utgangspunktet vil ha eit mangfald av genusuttrykk og eit samfunn der folk føler seg vel med eige og andre sitt kjønn, i altfor stor grad har overlate den sunne fornufta og bondevettet til slike som er meir interesserte i einfald enn mangfald. Dette feltet utgjer no éi av dei fremste slagmarkene i dei pågåande kulturkrigane, og desse krigane blir utkjempa over kroppane til menneske som dels har det vondt og vanskeleg. Slik kan me ikkje ha det.
Kva kan folk i diskusjonen om kjønn faktisk tenkjast å vere samde om?