- «Fem triks som gir deg bedre tid» lokkar VG-nett. Illustrasjonen – ei korg med mange kaffifilter ferdig fylte med kaffi – burde vera eit tydeleg «raudt flagg», som det heiter no. Eg «måtte» likevel klikka – og fekk betalt med ei sak som stadfesta mistanken om at ein kastar bort minst tid med ikkje å lesa om tidssparande «triks». Teksten under tittelen «Slik fikk Pia og Mim bedre tid i en hektisk småbarnshverdag» var redaksjonell reklame for to venninner og deira «raskt voksende Instagram-profil», som journalisten velviljug skriv. Some-gründerane deler sjenerøst med VGs lesarar av «triksa» eller «mamabear hacks», som kjerringråd heiter i dag. «Triksa» er ikkje dårlegare når dei to småbarnsmødrene formidlar dei enn når millionar av andre nettbrukarar deler dei same knepa på ymse plattformer. Men godtkjøpsråd blir litt meir irriterande når VG nyttar dei til å halda på merksemda til folk. GK