I Klassekampen 11. mars fortel Karin Haugen om ubehag i samband med debatten om ny abortlov. Haugen argumenterer mot dei som hevdar at når kvinna er kompetent til å ta stilling til spørsmål om abort i veke 12, så er ho og kompetent til dette i veke 13. Ho skriv: «Men det er ikke ‘kompetanse’ som har vært begrensningene». Her tek Haugen feil. Det er nettopp nedvurderinga av kvinnene sin kompetanse som har vore grunngjevinga for behovet for nemndene.