Ved eit viktig innspel frå Bernt Hagtvet, og respons frå Oddmund Hoel, statsråd og professor, har vi fått ein sterkt tiltrengt debatt om situasjonen ved universitetet i dagens samfunn. Sist ut var Emil Røyrvik, i Klassekampen 15. april, der han argumenterer for avkommersialisering, avbyråkratisering og for klarare differensiering mellom ulike oppgåver og institusjonar i universitets- og høgskulesektoren, og for gjenreising av ex.phil.