Ukraina-krigen 2. des.
100 prosent av ukrainarane ville aldri ha krig med Russland I Klassekampen 25. november er Susanne Urban oppildna av det ukrainske folkets krigstrøyttheit, noko som no gir seg utslag på gallupar til auka støtte for fredsforhandlingar. At ho har sagt det same sidan Russlands invasjon og opinionen var annsleis, er ein ting, men at innlegget ikkje nemner Russlands aggressive opptrapping av krigen, det er eit svik mot Ukraina.
Kva er det som opprører Susanne Urban og fredsbevegelsens mens Russland i løpet av ei veke nyleg sende 800 bomber, 460 droner og 20 missilar over Ukraina? Opprører det desse såkalla fredsfolka at Russland nyttar eit nytt mellomdistanse ballistisk missil som er svært vanskeleg å skyte ned? Som Putin skryt av at det ikkje finst effektive mottiltak mot?
Nei, Urban og fredsbegelsen dei er opprørte over «USA går inn for å tillate Ukraina å bruke langdistanseraketter mot mål dypt inn Russlands territorium», slik at Ukraina kan ta ut flykapasitet som planlegg å droppe glidebomber og missilar over Ukraina. Det er altså Ukraina som er offeret her, Russland aggressoren som ekskalerer krigen ved massiv bombing.
Som antikrigsaktivist oppfordrar eg Urban og fredsvegelsen til å bytte ut parola «Norge må umiddelbart si et klart nei til bruk av langdistanseraketter inn i Russland og ikke følge USAs president Biden på en slik ekstremt farefull ferd», til «Russland må umiddelbart stoppe å bombe Ukraina sønder og saman, og stoppe Putins ekstremt farefulle ferd».
Gro Byrkjeland