Not sorry

Då eg vaks opp, var det å sykle gjennom bygda som å sykle gjennom ei hinderløype. Regnet hadde grave fram djupe hol og store steinar på dei smale grusvegane. Det var ikkje sjeldan turane enda i rundkast over rattet, eller ut i grøfta. Gleda var derfor stor då vi endeleg fekk asfalt gjennom bygda. No var det slutt på sykling med ansikt og handbakar som innsats. Med gleda fekk ein bismak då tanta mi plutseleg kviskra meg i øyret: «Du veit vi har kjempa for dette i tiår?»

Dagboka