Viss du les norske nettaviser, kan du fort komme over annonseartiklar med overskrifta «Jager gründerar ut av landet». I artikkelen, som mellom anna er å finne på nettsida til VG, kan du lese intervju med bedriftseigarar som argumenterer mot formuesskatt. Innhaldet er finansiert av lobbygruppa Aksjon for Norsk Eierskap.
– Eg har sagt at målet mitt er å bruke ein promille av min formue på dette. Eg planlegg å bruke ein og ein halv million.
Det seier Roger Hofseth, som mellom anna eig og driv oppdrettskonsernet Hofseth International. I fjor var han med å starte Aksjon for Norsk Eierskap, som jobbar for å fjerne formuesskatten i Noreg.
Medlemslistene er hemmelege.
– Ikkje offentleg
Hofseth og Flakk står begge på kapital si liste over Noregs 400 rikaste. Dei er oppført med høvesvis 1,1 og 3,2 milliardar i formue. Hofseth har ein skattbar formue på 380 millionar, men seier han har vore nøydd til å selje seg ned i selskapa sine for å betale skatt.
– Eg har selt til fleire, og det er utlendingar alle.
Han meiner at formuesskatten tvingar norske bedrifter over på utanlandske hender når han blir tvinga til å selje aksjar for å betale formuesskatten.
– Trur du at eg har 380 millionar i cash? Det er fisk i sjøen, og det er varebygg i dei mest utbomba småkommunane.
På nettsida til Aksjon for Norsk Eierskap kan ein velje mellom å bidra med støttebeløp, eller bli medlem av aksjonen, som kostar 10.000 kroner.
– Vi finansierer dette med betydelege eigne midlar, og så jobbar vi med å få folk til å støtte oss. Det er bedriftseigarar og privatfolk, men det er ikkje noko som er offentleg, seier Hofseth.
Han vil ikkje gå med på at det er ein udemokratisk vind over den norske høgresida.
– Då vil eg berre seie sjå «Makta». LO sit i sentralstyret til Arbeidarpartiet. Hjelpe meg. Ein må sjå på kva makt og innflytelse den andre sida har. Vi er berre småfisar, som må blåse i den vesle gloa vi har og håpe folk forstår fornufta.
– Tendensiøst
LO-sekretær Are Tomasgard kallar aksjonen til Hofseth og Klepp for tendensiøs.
– Når det gjeld sjølve formuesskatten, så er det ein reell diskusjon om arbeidande kapital, men desse kampanjane og den måten å drive det på bidrar ikkje til verken god eller open debatt, seier Tomasgard.
Noko av det han reagerer mest på er at lista over aksjonen sine støttespelarar ikkje er offentleg.
– Det er problematisk. Openheit er ein verdi i det norske samfunnet som er veldig viktig. Det at vi veit kven som bruker resursar for å oppnå gjennomslag. Det handlar om kor nært det er for givarane å ta gevinst ved eit eventuelt resultat.
Interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter, SMB-Norge, har også forseggjort annonsørinnhald med dramaturgiske grep i norske nettaviser. Desse er produsert av Schibsted Partnerstudio. Dei første orda som møter deg er «Dagens politikk setter norske arbeidsplassar i fare»
«Vi er berre småfisar, som må blåse i den vesle gloa vi har»
— Milliardær, Roger Hofseth
Tomasgard vil likevel ikkje setje SMB i same bås som Aksjon for Norsk Eierskap.
– SMB Norge er ein meir open organisasjon. Dei jobbar for politiske gjennomslag for sine medlemmar. Det gjer vi i LO også. Ein veit kven som ligg bak. Kven det er som står bak desse kampanjane, det anar eg ikkje.
Tomasgard meiner det hadde vore best om Hofseth brukte pengane sine på å betale skatt.
– Det hadde vore fint viss dei brukte annonsen til å liste opp kven som står bak desse krava. Annonsane er sopass store og volumøse at dei hadde absolutt hatt plass til det.
Partipolitisk uavhengig
Ein annan aksjon med hemmelege givarar er Aksjon for Borgerlig Valgseier. På grunn av dei hemmelege givarlistene var det berre Frp av dei borgarlege partia som valde å ta imot donasjonar frå dei i valkampen. Roger Hofseth slår fast at aksjonane ikkje har noko med kvarandre å gjere.
– Kva er det for noko? Det er så komisk. Folk ringer meg og kallar meg Vestlandsopprøret og det eine og det andre. Eg har ingenting med nokon å gjere. Eg prøver på ein einaste ting. Det er at norskeigde bedrifter skal bli likestilt med utanlandske og statlege bedrifter.
Hofseth peikar på at Aksjon for Norsk Eierskap ikkje er på høgresida, men er politisk uavhengig.
MDG skal diskutera formuesskatt-politikken på landsmøtet i mai. Etter eit besøk på Sunnmøre opna Ap-topp Anniken Huitfeldt for å diskutere formuesskatten. Næringsminister Jan Christian Vestre har gjort det same.
– Kva tenker du om at du har så stor makt til å påverke politikken, i forhold til ein person som ikkje er milliardær?
– Du treng ikkje ha hundrevis av millionar for å påverke politikk. Du kan ha ei stemme utan å ha noko i dag, med sosiale medium.
– Det er ikkje alle som har råd til annonseinnhald i aviser?
– Sjå på LO og Arbeidarpartiet, kva midlar dei har. Ikkje samanlikn med ein vanleg mann i gata.
Retting: I denne saka skreiv vi at MDG har vedteke å fjerne formuesskatten. Det er feil. Dei skal diskutere saka på landsmøtet i mai. Det er no retta.



