Kjernens uro

Bjørn-Erik Hanssen skriv opplysande og godt om laug, kunst og arbeidarrørsla i Klassekampen 14. mars, som ei utviding meir enn eit svar, vil eg påstå, til Tor Eystein Øverås’ svært fokuserte og gode tekst i Klassekampen 10. mars, ein tekst som reetablerte kjernen i vinterens forfattarorganiseringsdebatt på same dag som Forfattarforeininga (DnF) sitt rekordstore årsmøte minna oss på kjerneverdiane i foreininga: skrivekunst, solidaritet og ytringsfridom. Og kjernen, det er denne: Spørsmålet rundt litterær kvalitet og truverdig utøving av dette basert på medlemskriterier (DnFs nye inntakskrav: ei utgitt bok av litterær kvalitet), og dessutan reell representasjon inn mot Statens Kunstnarstipend med dei same kriteria i botn og medlemsmasse i storleik.