Paul kalte meg en hore». «Nei, jeg sa du oppfører deg som en». Dette var orda som pryda framsida av avisa Fremover i Narvik ein sommardag i 2015. KrF-politikar Trond Millerjord og Høgre-politikar Paul Rosenmeyer hadde vore gode kollegaer dei siste fire åra, då Millerjord var varaordførar i Høgre sitt kommunestyre. Men etter at Millerjord melde overgang frå Frp til KrF og danna samarbeid med Ap, enda dei som fiendar.