Vi lyt merke det når Boye Ullmann avgjer kva som er Raudt sin politikk i vesentlege spørsmål. 2. mars seier han at ei rekkje Raudt-folk kjem med «en enkel, men naiv oppfordring om fredsforhandlinger», og så konstaterer han at sin eigen motstand mot forhandlingar er Raudt sin politikk.