Notis

Luksus regner vekk: California over kanten

Foto: AP/NTB Foto: AP/NTB

Få ting kan gje ei sterkare kjensle av å vera løfta opp frå bermen enn utsynet frå ein modernistisk klippevilla i California – gjerne med eit «svevande» basseng ut mot horisonten. Mange har vitja slike hus i film og tv-seriar. Få har overnatta i eitt, og no er det kanskje for seint. Fleire av luksusheimane – blant statens dyraste eigedommar – står nemleg i fare for å bli skylt ned i avgrunnen av jorderoderande regn. California er illgjeten for skogbrannar, men i dei første to månadane av året fall det 457 mm regn i Sør-California. Meir er i vente, og guvernøren har sendt ut åtvaring om stytflod og erklært unntakstilstand for over 20 millionar menneske i og sør for Los Angeles, skriv The Guardian. Forsikringspremiar for naturskadar er alt over pipa om du i det heile får teikna polise, da. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Ved veis ende

Dag Seierstad (1936–2026)

Kunst

I Paris stilte Ragnhild Keyser ut med Pablo Picasso. Her hjemme ble hun kalt en maler­kunstens stivkrampe­pa­sient, og verkene karak­te­risert som «kubistisk barnesnak».

Bøker

Bjørneboe er sentral i fortel­lingen om Torgersen, mener Bjørn Olav Jahr