Kva skal vi seie til mennene?

Magnus Marsdal skriv i Klassekampen 20. februar om «De giftige mennene» og er bekymra for konsekvensane for venstresida i framtidige val. Han leiter etter årsaker i sosiale medium, i ei forklaring om at menn er enkle vesen som blir lett bytte for Høgre og Frp som lovar skattelette, men det politiske alvoret finn han i hypotese tre: Den politiske polariseringa har samanheng med ei djupare sosial polarisering av ein kjønnsmarknad i ubalanse. Kvinner har fått både utdanning og doktorgrad og kor mange av desse vil velje seg ein mann utan høgare utdanning?