Det er ikkje slik Bjørgulv Braanen framstiller det i Klassekampen 24. februar, at folk som protesterer mot vestleg og norsk våpenstøtte til Ukraina, støttar Russlands krig og ikkje bryr seg om ukrainsk sjølvstende. Spørsmålet er i staden om andre metodar for å få Russland til å snu kan vere meir effektive og ha mindre skade.