Har SV droppa so­li­da­ri­teten med frie kunstnarar?

Klassekampen 23. februar

Mykje er sagt om VG-kronikken der 70 forfattarar ropte varsko om framtida til norsk litteraturpolitikk. Vi er ikkje blant underskrivarane, og tenkte begge då vi las kronikken, at det høyrdes vel dramatisk ut. Men etter å ha lese Klassekampen fredag, begynner vi å tenkje at det faktisk er slik: At det er framtida til norsk litteratur som står på spel. Tage Pettersen frå Høgre seier: «I det NRK-studioet sto det da vitterlig forfattere også på Forfatterforbundet side som har minst like god kvalitet i sine forfatterskap som de som sto på andre sida.» Når kulturpolitikarar med avgjerande makt uttaler seg så lettvint om litterær kvalitet, blir i alle fall vi redde for på kva grunnlag viktige kulturpolitiske prioriteringar blir avgjort. Hadde Tage Pettersen lest alle seks som sto rundt bordet?