Har gutane tapt på jentene si likestilling?

«Venstresidas skole er bedre tilpasset jenter enn gutter», seier nestleiar i AUF, Gaute Skjervø i Klassekampen 14. februar. Historisk har venstresida gjort ein stor jobb med å gje både gutar og jenter lik tilgang til kunnskap i alle fag i skolen. Det store gjennombrotet kom med Mønsterplanen (læreplanen) av 1974. Frå no skulle gutar og jenter ha like mange timar og same undervisning, slik at begge kjønn kunne kvalifisere seg til alle typar jobbar i samfunnet og ikkje låsast i kjønnsrollene.