Fiskeri

Kvotefor­hand­lingar på Stortinget starta med krangling

Forhandlingane om ny fiskeripolitikk er såvidt i gang, men Raudt og Sp er alt i tottane på kvarandre.

I havgapet: Båthavna i Honningsvåg sentrum. Foto: Siv DolmenI havgapet: Båthavna i Honningsvåg sentrum. Foto: Siv Dolmen

Stortingsrepresentant for Senterpartiet Geir Inge Lien sa i går til avisa Kyst og fjord at det er uaktuelt å danne fleirtal om kvotemeldinga saman med SV og Raudt.

– No krev vi at Senterpartiet og regjeringa koordinerer seg. No ser det ut som det overhovud ikkje er koordinert. Dette kan få konsekvensar for kvotemeldinga. No framstår det som heilt useriøst, seier fiskeripolitisk talsperson i Raudt Geir Jørgensen.

Verst tenkelege start

Raudt ønskjer å flytte kvotar frå dei store fartøya til dei mindre for å sikre mest mogleg fisk inn til land i Noreg. Jørgensen seier at kvotemeldinga regjeringa sende til Stortinget peikar litt i den retninga, men ikkje langt nok.

– Dette er den verst tenkjelege starten for å utforme ein fiskeripolitikk som vonleg skal stå i mange, mange år.

Geir Jørgensen (R)

– Som du seier skal politikken stå seg over tid. Er det ikkje naturleg å søkje kompromiss mot sentrum og høgre om vi ikkje skal få ein ny runde når høgresida kjem i regjering?

– Vi føreset at vi har eit solid fleirtal på venstresida og no har vi sjansen til å få gjennom ein god fiskeripolitikk. Det vil òg hjelpe ei regjering som slit med oppslutnaden i mange kystsamfunn, å få plass mekanismar for å få fisken inn til folket, industrien og fiskerisamfunna, seier han.

«No framstår det som heilt useriøst.»

Geir Jørgensen, fiskeripolitisk talsperson i Raudt

Ap: Alle er framleis med

Runar Sjåstad i Arbeidarpartiet leier forhandlingane og vil ikkje utelukke nokon parti enno, inkludert SV og Raudt.

– Vi startar sonderingsmøte med alle partia for å få eit breiast mogleg forlik, og då er ingen ekskludert i det vidare arbeidet. Vi legg opp til eit arbeid der enkelte kan forlate forhandlingane etter kvar som dei ikkje er med på løpet, men vi går breitt ut, har invitert alle og ønskjer reelle forhandlingar, seier han.

– Vi er framleis så tidleg i arbeidet at alle er med og eg ventar at alle bidreg aktivt til å lande dette på ein fornuftig måte. Det er i alle si interesse, seier Sjåstad.

Det lukkast ikkje Klassekampen å få tak i Geir Inge Lien i går.