Avisnamna våre ser sjeldan mot himmelen.

Tid og sted

AVISMANN: Arne Garborg.

Aftenposten, Dagbladet og Bergens Tidende kom i gang på 1860-talet, i byrjinga på det me kallar avisene sitt femti-år. Til då hadde Morgenbladet vore den dominerande meiningsdannande avisa. Arne Garborgs liv (1851–1924) syner fram denne tida. Som 21-åring grunnla han Tvedestrandsposten, som framleis har ansiktsprofilen hans på forsida. I 1877, i Christiania, grunnla han Fedraheimen og i 1894 Den 17de Mai (saman med Rasmus Steinsvik) – ved 1900 landets nest største avis, etter Aftenposten. Denne diktande jærbuen stod altså bak tre aviser i løpet av tjueto år; han var nådelaus på papiret, ikkje på talarstolen. Rundt 1890 nesten like kjend i Tyskland som Henrik Ibsen.

Innenriks