Israel kan bli dømt for å svelte eit heilt folk. Det føyer seg inn i eit dramatisk mønster.

Hungersnaud i rettssalen

EIT FOLK SOM SVELT I HEL: Fire månader etter krigen vart utløyst av Hamas sitt grufulle terrorangrep svelt så og sei alle menneske på Gazastripa, skriv kronikkforfattaren. Her frå matdistribusjon i Khan Younis i førre veke. Foto: Hatem Ali, AP/NTB

I kjølvatnet av krigføringa på Gazastripa har Sør-Afrika skulda Israel for brot på folkemordskonvensjonen. Den internasjonale domstolen i Haag slo i sine mellombelse forføyningar fast at det skal opnast ei sak og påla samstundes Israel å treffe alle naudsynte tiltak for å forhindre folkemord. Israel har motsett seg skuldingane i kraftige ordelag.