Sentralstyret i Senterpartiet slår vekk Kirsti Bergstø si utstrekte hand for eit felles venstresideprogram fram mot neste val.

Legg SV-alliansen daud

RAUDGRØN: Kathrine Kleveland beskriver seg sjøl som ein raudgrøn politikar, men ho vil ikkje ha SV med i regjering. Foto: Fartein Rudjord

– Eg er i utgangspunktet ein raudgrøn politikar. Men eg vil halde fram med noverande regjeringssamarbeid, seier Kathrine Kleveland, som sit på Stortinget og i sentralstyret til Senterpartiet.