Nidstonga

  • Medan krig og plagiatsaker sug opp det meste av nyhende-oksygenet, lever og åndar sexismen i beste velgåande ved hjelp av KI, sjølvsagt. Falske nakenbilde av Taylor Swift er berre starten. Den australske politikaren Georgie Purcell, som representerer Animal Justice Party i Victoria, melde denne veka på X at Nine News i Melbourne hadde publisert eit manipulert foto av henne der ho var utstyrt med større bryst og kjolen hennar hadde fått eit bart mageparti. Purcell publiserte originalen saman med det manipulerte fotoet, som vart brukt til å illustrera ei sak der Purcell kritiserte at delstatsforsamlinga for å avvisa eit framlegg om jaktforbod på ender. Nine News orsaka seg med at eit KI-verktøy automatisk hadde redigert bildet! Vårt heimlege Dagbladet nytta sjølvsagt høvet til å publisera puppebildet og fekk dermed ein nidstong-plass saman med Nine News og automatisert sexistisk KI. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Bøker

Amedia­stiftelsens oppkjøp av Aschehoug gjør forfatter Heidi Marie Kriznik urolig.

Ved veis ende

Gloria Steinem (92) var ein nøkkel­figur for den andre femi­nist­bølgja og eit ikon for USAs unge kvinner i dag.

Kulturuka

I Norge ble «Inn­sirkling»-trilogien en litterær og kommer­siell suksess. I nabolandet er den ingen av delene.