Tre dagar før han trekte seg som partileiar, endra Owe Ingemann Waltherzøe passordet og er den einaste med tilgang til nettstaden til INP.

– Held partiet som gissel

Gjev ikkje slepp: Owe Ingemann Waltherzøe har trekt seg frå Industri- og næringspartiet og starta eit nytt parti, Det norske industripartiet. Likevel har han kontroll over nettsida, e-postar og Facebook-grupper som lammar INP. Her er Waltherzøe fotografert under landsmøtet til INP i Lillestrøm i fjor vår. Foto: Anniken C. Mohr

Går du inn på nettstaden til Industri- og næringspartiet, er det framleis «Bli kjent med partilederen Owe Ingemann Waltherzøe» som lyser mot deg.