Utsyn

Eit av dei viktigaste utsiktene i mitt liv har vore utsikta over til Skrenakken. Fjellgarden ligg einsam i det store fjellmassivet på andre sida av fjorden frå bygda mi. Eit lite raudt hus, på ein liten grøn flekk, meir enn 400 meter over fjorden. Eit gult gjenskin fortalde oss når der var folk. Då kveldssola slapp taket der visste vi at dagen var over.

Dagboka