Det breier seg eit bondeopprør gjennom Europa. Bøndene protesterer mot høge straumprisar, klimakrise og ekstremvêr, lønningar langt under minsteløn og høge sjølvmordstal. Førre veke hadde bondelagsleiar Bjørn Gimming møte med den tyske bondelagsleiaren. Etterpå fortalde Gimming til avisa Nationen at han kjente seg veldig igjen i dei tyske forteljingane. Her heime slit også bønder med høge utgifter, lave inntekter, krevjande fysisk arbeid og stadig færre kollegaer rundt seg.