Protestane lét ikkje venta på seg då regjeringa la fram planar for mineralutvinning på havbotnen i fjor sommar. Før jul sikra regjeringspartia fleirtal på Stortinget, då dei fekk Høgre og Framstegspartiet med på laget. I dag skal Stortinget stemma over forslaget, som truleg vert vedteke.
Elise Åsnes, leiar i miljøorganisasjonen Spire, er ein av dei som tykkjer det lovforslaget kan få vera katastrofalt for havbotnen.
– Me har ikkje i nærleiken av nok kunnskap om kva konsekvensar det kan ha, seier ho.
Varslar motstand
Spire, som er ein dotterorganisasjon av Utviklingsfondet, er ein av initiativtakarane til ein demonstrasjon som skal haldast framfor Stortinget medan partia stemmer over lovforslaget. Organisasjonen er svært kritisk til slik gruvedrift.
– Dette kan ha katastrofale konsekvensar for djuphavet, seier Åsnes.
Ogso andre organisasjonar har meldt sin motstand mot planane om mineralutvinning. Både Greenpeace, Naturvernforbundet, Natur og ungdom, Sabima og WWF har vore med på å organisera eller har meldt støtte til protestdemonstrasjonen.
– Eg er redd dette kjem til å oppta mykje av tida mi framover. Me har nok av store kampar å ta, men dette prosjektet er forkasteleg, seier Åsnes.
Internasjonal støtte
Under klimatoppmøtet Cop28 i 2023 «vann» Noreg «Fossil of the day»-prisen. Prisen vert utdelt av Climate action network til dei landa som bidreg minst til klimaforhandlingane på det internasjonale toppmøtet. I 2023 kom Noreg på andre plass nettopp for regjeringa sitt forslag om gruvedrift på havbotnen.
Elise Åsnes trur at mange då fekk auga opp for det ho kallar «den norske dobbeltmoralen.»
– I regjeringserklæringa seier partia at dei skal sjå klima og natur i samanheng. Dei argumenterer for at me treng minerala på havbotnen til å gjennomføra det grøne skiftet, men minerala vil jo ikkje koma i tide til det grøne skiftet, seier ho.
Denne merksemda har gjeve dei fleire støttespelarar utanfor landegrensa. Den internasjonale aktivistorganisasjonen Avaaz tok initiativ til ein underskriftskampanje adressert til den norske regjeringa. Der oppfordrar dei Jonas Gahr Støre og den norske staten til å forby gruvedrift på havbotnen.
Kampanjen vart sett i gang 5. desember i fjor, og i skrivande stund har han over 500.000 signaturar.
I godt selskap
Det er ikkje berre aktivistar og miljøforkjemparar som stiller seg kritiske til gruvedrift på havbotnen. Dei får støtte frå fleire hald, mellom anna frå Miljødirektoratet. Då konsekvensutgreiinga av mineralverksemd på kontinentalsokkelen kom frå Energidepartementet i 2022, kom direktoratet med klår tale.
I sitt høyringsinnspel til konsekvensutgreiing skriv direktoratet at utgreiinga «viser vesentlege kunnskapsmangler om natur, teknologi, og miljøvirkninger». Vidare poengterer dei at utgreiinga ikkje viser korleis ein kan gjera slik gruvedrift på forsvarleg og miljømessig berekraftig vis.
«Dette kan ha katastrofale konsekvensar for djuphavet.»
— Eli Åsnes, leiar i Spire
Direktoratet går so langt som å seia at utgreiinga knapt nok greier ut konsekvensar, og at ho berre viser kor stort sannsyn det er for å finna mineral. Direktoratet konkluderer med at «det er ikke faglig og rettslig grunnlag for utkastet til beslutning.»
Ap: Berre leiting
Marianne Sivertsen Næss (Ap), leiar for Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, meiner motstandarane har misforstått.
– Fyrste fase av ein utvinningstillatelse er leiting. Her vert mange forvirra. Dersom nokon gjer eit funn og ynskjer utvinning, må dei senda ny søknad.
Næss seier at dei i denne omgang berre er ute etter å tetta kunnskapshol, og det ikkje er snakk om utvinning før meir kunnskap ligg på bordet.
– Miljødirektoratet meiner me har for lite kunnskap om havbotnen til å gjennomføra slike prosjekt. Kva meiner du om det?
– Me har lytta til Miljødirektoratet, og har derfor lagt inn eit ekstra steg i prosessen. Dersom ein ynskjer å driva utvinning må ein slik søknad handsamast i Stortinget. Dette gjeld sjølv om ein har fått løyve til leiting.
– So du er ikkje bekymra for miljøet på havbotnen?
– Nei. Me vil ikkje setja i gang med utvinning om dette ikkje kan skje på ein berekraftig og forsvarleg måte. Det er ogso viktig å få fram at leitefasen ikkje har stor grad av miljøpåverknad, seier Næss.
Ho legg til at styresmaktene i forkant av ei eventuell utvinning skal laga eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknader for miljøet.
– Dette grunnlaget, og konkrete krav til utvinning, vil ligga til grunn når ein eventuell framtidig søknad om utvinning vert handsama av Stortinget, seier ho.