Forsett

Ein skulle tru ein var budd på det meste etter å vakse opp på bygda. Det bur mange gærne folk på bygda, og nyttårsaftan er ein av dagane dei kjem til sin rett. Men scenene som fann stad i Bergen sentrum, var utan sidestykke. Torgallmenningen var stappfull av folk, og frå sidegatene kom folk skrikande av redsel. Frå alle kantar kom fyrverkeri flygande i skulderhøgde. Ein gjeng med gutar skaut fyrverkeri på kvarandre, som i ein paintballkrig, utan å bry seg om bilar eller folk dei trefte på vegen. Inne i folkemengda stod politifolk spreidde med små brannlukkarar. Venta på at det skulle bryte ut brann ein stad, utan å stoppe dei som stod klare for å starte dei.

Dagboka